Ivrige ungdomskuleelvar fekk undervisning frå elevar ved Luster vgs.
I april var 3 elevar frå vg2 kokk og servitør på besøk til 9.klassane ved Sogndal ungdomsskule. Faget mat og helse i 9.klasse hadde tema selskapsmat/oppdekking.
Elevane på Luster vgs synte ungdomskuleelvane korleis ein kan lage forrettar og oppdekking av eit selskapsbord. Dette er ein del av partnerskapsavtalen Luster vgs har med Sogndal ungdomsskule. Her er det elev – elev læring, der elevane på vgs underviste elevane frå ungdomsskule. Etterpå fekk ungdomskuleelevane prøva seg med god rettleiing frå ” lærarane” frå Luster vgs. Elevane og læraren frå Luster fekk god tilbakemelding på opplegget frå både faglærar i Sogndal og elevane der.

