|
Lærarane vann snørugbyturneringa
Det var lærarane som var sterkast i snørugbyturneringa på snødagen fredag 5. mars på Heggmyrane. Det vart ein jamn og tøff kamp mellom laget frå 3PÅA og lærarane, som enda med knapp siger til lærarlaget. Elevane i friluftslivgruppa stod for arrangementet denne dagen, og elevane (og lærarane) deltok ivrig i aktivitetane.
|