I haust har skulen starta eit treårig prosjekt kalla ”Lokalt mangfald i læring og næring”. Samarbeid med småskalaverksemder og opplevingsnæringa er kjernen i prosjektet.
Dette er ein del av den regionale satsinga som skal vidareutvikle skulen til eit kompetansesenter for småskalaverksemder og opplevingsnæringa i region.
Denne næringa står for verdiskaping som elevane, lokalsamfunna si framtid, må få kunnskap om.
Ved å skape arbeidsplassar og nytte lokale ressursar har småskala- og opplevingsnæringa utvikla produkt som i stor grad er særeigne for vår region. I prosjektet vil skulen, i samarbeid med næringa, utvikle kurs og kompetansetilbod som næringa etterspør.
Ei vidareutvikling av dei lokale læreplanane skal gi elevane kunnskap om verksemder i region og mangfaldet av produkt som vert laga. Elevane skal kunne sjå at her er framtidsmogelegheiter for arbeid i næringa og mogelegheiter for å skape eiga verksemd.