Barne-og ungdomsarbeidarane ” Inn på tunet”
BU klassen var sist torsdag på ekskursjon til Bjørkehaugen besøksgard i Fortun. Bente Grana Sollesnes møtte oss med dekka bord, med nykokt syltetøy, ferske rundstykke og vafler. Under måltidet fekk me fortalt kva slags tilbod ho kan gi til ulike brukargrupper.
Ho tek imot barn, ungdom og vaksne med ulike behov for aktivitetar, opplevingar eller anna. Dette tilbodet er for både kvardag og helg. Brukarane som er på Bjørkehaugen kan vera med på ulike husflidsaktivitetar, som å støype lys, lage såpe, tove eller sy. På garden finst mange slag dyr, som sau, geit, gris, hestar, kalkun, gås, høner, kaniner og hund. Bente fortalde at å vera i lag med dyr er ein flott aktivitet for mange, og det var me veldig enige i.

Informasjonen me fekk og alt me såg, var nyttig for å få innblikk i aktuelle type jobbar me kan ha som barne- og ungdomsarbeidarar. Det var kjekt å sjå at det går an å skape sin eigen arbeidsplass. Me hadde ein flott dag og vil takke Bente for å ha teke mot oss så flott.

Bilete frå turen

 Inn på tunet Inn på tunet

 





Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune