Fjellsportfestivalen - primærkunnskap om produktutvikling
Fjellsportfestivalgeneralen Tor Yttri heldt føredrag for elevar med fordjuping innan reiseliv/språk og friluftsliv. Bådskapen i føredraget var å sjå moglegheitene som ligg i utvikle opplevingsaktivitet i lokalmiljøet og gjere noko med det. Eit anna tema var korleis marknadsføre opplevingsproduktet, slik at det vert kjend langt ut over landegrensene.

 

Den beste snøen, dei beste fjella og den beste kunnskapen finn du her i Sogne regionen. Dette er erfaring Tor har gjort seg etter mange år med reiser til norske og europeiske skidestinasjonar.

Læring i næring prosjektet som skulen driv la torsdag tilrette for at elevar med fordjuping i reiseliv og språk og friluftsliv fekk førstehandskunnskap om korleis bygge opp eit produkt innan opplevingsnæringa. Prosjektet hadde invitert Tor Yttri til å fortelje om nokre av suksessfaktorane bak Fjellsportfestivalen 

·             engasjement 
·             lagspel
·             god planlegging
·             kreativitet
·             entusiasme
·             tydeleg ansvarsfordeling
·             dugnadsand
·             Samhandling

 er nokre stikkord som vart nemnt

Fjellsportfestivalen vert arrangert i vinterferieveka  24-28 februar 2010

Her vert det bratt morro!!

Heimesida til Fjellsportfestivalen

 Fjellsport Fjellsport

Fjellsport

 

 





Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune