Fredag 9.april vart det arrangert ein lokalmatdag på Luster vidaregåande skule.
Tjue deltakarar frå ulike serveringsverksemder og småskala-produsentar møttes til matverkstad.
Dagen starta med informasjon om prosjektet ”Smak av Sogn” og ” Matruta over Sognefjellet”.
Kompetansenavet for lokal mat Vest v/Aud Slettehaug snakka om kva ”matnavet” kan hjelpe til med for den som ynskjer å bruke lokale råvarer i sitt kjøken. Ho sa og litt om korleis ein kan få tak i råvarene, mellom anna på nettsida matnorge.no. Vidare gjekk turen til kjøkkenet der lokale råvarer vart omgjort til fleire gode smakar , både for auge og gane.
Målsetjinga for dagen var å utveksle idear og erfaringar, samt nettverksbygging mellom ulike produsentar og mellom produsentar og serveringsstadene.
Aktiviteten var høg og praten gjekk livleg. Resultat kan ein sjå på bileta.



