Tjue deltakarar deltok på Vertskapskurset som skulen arrangerte 3-4 mai. Det svenske ”Värdskapet” med føredragshaldar Märit Torkelsson hadde regien på kursinnhaldet. Kurset starta med eit engasjerande og inspirerande føredrag som innleiing til tema ”Kunsten å få menneske til å føle seg velkomne”. Det vart sett fokus på ulike spørsmål kring det å få andre til å føle seg velkomne, om det er gjesten, kunden, pasienten, eleven eller andre grupper ein møter i arbeidet sitt.
Det var stor munnleg aktivitet mellom kursdeltakarane, som mellom anna starta med å reflekterte over ”Kva er det beste med jobben min? ”. Føredragshaldaren påpeika kor viktig det er å finne fram til dei positive sidene ved den jobben ein har. Dei er essensielle viss du skal gjere ein god jobb. Om dei er vanskelege å finne, så kanskje ein skulle sjå seg om etter ein annan jobb.
”Korleis vil du at andre skal oppfatte deg? ” Det kan vera lønsamt å gå litt i seg sjølv både som enkeltperson, men og som verksemd i høve til det å møte menneske. Alle ynskjer me å føla oss velkomne.
Kursdeltakarane representerte ulike verksemder i region, samt verksemder frå Sunnfjord og Nordfjord. Dei hadde i forkant av kurset lese gjennom ei bok, og i etterkant vil dei gjennomgå eit nettbasert kurs som gir diplom for ”Godt vertskap”