Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, Skatteetaten og LO Sogn og Fjordane inviterer alle ungdomsbedrifter og ansvarlege lærarar til fagdag med tema skatt, samarbeid mot svart økonomi og rettar / plikter i arbeidslivet. I kombinasjon med dette vil ungdomsbedriftene få høve til å presentere seg for styret og administrasjonen i UE Sogn og Fjordane. Luster vidaregåande skule har den glede å invitera Dykk til UB - presentasjon på Eikum Hotel 10. februar kl.12.45
Da Luster vidaregåande skule har 6 ungdomsbedrifter dette skuleåret er ub - presentasjonen for Sogndal vidaregåande skule og Luster vidaregåande skule lagt til Luster, nærare bestemt Hafslo. Ungdomsbedrifta skal presentera sin forretningsidé og korleis det er å driva bedrift. Dette er eit ledd i vurderinga og konkurransen som skal skje på UB –messa på Eid 11. mars.
På fylkesmessa er det 11 klassar kvar ungdomsbedrift kan konkurrera i:
1. Beste marknadsføringstiltak
2. Beste utstilling
3. Beste produkt (med verdiskapingspotensiale)
4. Beste teneste
5. Beste innovative produkt/idé
6. Beste ungdomsbedrift
7. Beste ”grøne” bedrift
8. Beste lokalsamfunnsprosjekt
9. Beste internasjonale prosjekt
10. Beste rekneskap
11. Publikumsprisen
Klasse 6, 7 og 11 deltek alle ungdomsbedriftene i og så kan ungdomsbedrifta melda seg på dei andre klassane.
Luster vidaregåande skule har den glede å invitera Dykk til UB - presentasjon på Eikum Hotel 10. februar kl.12.45