Kjøtkurs med bruk av lokale råvarer.
I veke 47 vart det arrangert eit todagars kokkekurs på Luster vidaregåande skule. Ståle Johansen, kokk ved Fossheim i Lom inspirerte kursdeltakarane med mange spennande rettar av hjort og lam. Små og store serveringsverksemder var invitert til å delta på kurset som hadde fokus på bruk av heile dyret. Fyrste dagen var det nedskjæring, koking av kraft og førebuing av ulike rettar, medan kokken andre dagen viste ulike måtar å nytte dei ulike delane av både lam og hjort på.
Kurset vart arrangert i samarbeid med Kompetansenavet- lokalmat vest, Ressurssenteret ved Sogn Jord og hagebrukskule og Prosjektet smaken av Sogn. Invitasjon gjekk ut til om lag 80 serveringsverksemder, og me skulle gjerne sett mange fleire enn dei 8 fornøgde deltakarane.
Dette var dei to fyrste kursdagane med fokus på meir bruk av lokale råvarer. Utpå seinvinteren vert det ein kursdag med fisk, medan dessert, ost og drikkevarer kjem på menyen på våren. Lokal mat er eit satsingsområde innan turistnæringa og me har mange unike produkt å identifisere oss med. Skulen har og eit stort fokus på dette i høve til eigne elevar. Diverre kunne ikkje kokk/servitørelevane på kurset, dei var på utplassering i lokalt næringsliv denne veka.

