Hermetikk og pølser på Luster vidaregåande
I haust vert det arrangert to nye kurs med fokus på kultur og tradisjon i matfaget. Hermetiseringskurs 31. august og pølsekurs 20. oktober
Kari Støfringsdal er m.a kjend med sine Fjordamatbøker og ”Ta kaka”. Ho  har bygd opp sitt eige www.fjordamattunet.no i Jølster. Den 31. august kjem ho til Hafslo for å halde kurs i hermetisering av frukt og bær.
Rune Bønes driv Bønes Gardsmat. Han produserer eit bredt spekter av ulike varer, med pølser, pålegg, spekemat og middagsmat som dei viktigaste. Han har mange medaljar frå fleire høve for produkta sine. Den 20. august vert det halde pølsekurs på  www.fjordatunet.no Dette vert eit grunnleggjande kurs i pølselaging.
Begge kursa er i stor grad praktiske kurs der målet er at deltakarane får noko av den handlingsborne kunnskapen med seg heim i eigne nevar.
Kursa vert arrangert i samarbeid med Kompetansenavet Vest.

Meir info og invitasjon til påmeelding vert sendt ut når det nærmar seg.

 





Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune