Geoturisme vert definert som ”turisme som ivaretek, forsterkar og framhevar ein stad sin lokale eigenart – miljø, kulturarv – og som kjem lokalsamfunnet til gode”. I departementet sin handlingsplan for reiselivsnæringane heiter det mellom anna at ”omgrepet geoturisme brukast om heilskapen i destinasjonen, alt som gjer staden unik, slik som flora, fauna, historie, vakre landskap, tradisjonell arkitektur, lokal kultur og mat”.
Luster er som skapt for å utvikle geoturisme!



Elevane har som lekk i det nye reiselivsfaget ved Luster VGS hatt innføring i tema ”forvaltning og organisering av utmark”. I den samanhang har dei vore på verkeleg hjortejakt og prøvd ut hjortejakt som reiselivsprodukt. Hjortejakt har potensiale og elevane har jakta i bratt terreng og fått med seg både naturoppleveinga, spenninga og fysisk aktivitet guida av Reidar Fjøsne og Sølve Skartun.
Dei har også prøvd å skyte på blink med salongrifle og følt geværkolben mot skuldra, sjølv om den ikkje sler så hardt som den verkelege jaktrifla!
Jaktturen vart avslutta med ein tre rettars middag basert på lokale råstoff. Føreretten var gourmetegg med snøfriskost og røykelaks frå Lærdalsmat og hovudretten var sjølvsagt fårikål etter oppskrift frå husmorskulen i Kroken. Til drikke vart det servert saft frå Anne Lise Haukadal i Kroken og juice frå Eplet i Solvorn. Desserten var Ingrid Espelid si eplekake med Gravenstein frå Ølnes i Sogndal og med piska krem frå Tine. Under middagen hadde me ein seanse om ”den gode jakthistorien” og allsang.