Hjarteleg møte med venskapsskule i Zambia
2 elevar og 2 lærarar frå Luster vidaregåande skule reiste februar 2004 på vitjing til venskapsskulen ”David Livingstone High School” i Zambia. Dette vart ei veke fylt av uforgløymelege opplevingar, ikkje minst gjennom møtet med menneska og ein ny kultur, og ein storslagen natur.

Bakgrunn

Det var to spente elevar, Jon og Ingfrid, saman med to minst like spente lærarar, Bergljot og Mari Anne, som hadde vore så heldige og bli utplukka av skulen til å reise på besøk til Zambia og venskapsskulen der. Bakgrunnen for reisa var at vi gjennom Høgskulen i Sogn og Fjordane kom i kontakt med David Livingstone High School, da fleire personar frå skulemyndigheitene i Zambia var på besøk i Sogndal.

Møte med skulen

Etter ei lang reise over 2 kontinent, vart vi mottekne på flyplassen i Livingstone town, av ein delegasjon på 10-12 personar frå skulen; elevar, lærarar og foreldre. Vi opplevde ei glede og ein gjestfridom som var overveldande, og som varde gjennom heile opphaldet. På skulen fekk vi møte alle klassane kvar for seg, og dei viste ein ustoppeleg interesse og entusiasme for alt vi hadde å fortelje om Luster vid.gåande og Noreg. Denne rike kunnskapstørsten stod i skarp kontrast til mangelen på utstyr, læremiddel og andre materielle goder vi er vande med frå skular i Noreg. Dei hadde eit trangt klasserom med 40 elevar, ei nedslitt tavle og læraren. Det var alt!

Song, musikk og dans

Vi hadde sjølvsagt med oss gaver til vertane våre, både bøker om Sogn og Noreg, i tillegg til nokre skulebøker til skulen. Gaveoverrekkinga vart ein flott slutt på opphaldet vårt. Heile skulen var samla, og vi fekk ein og ein halv time med song, musikk, dramadans og tradisjonell folkedans framført av elevar ved skulen. Her som elles under opphaldet, skein den ekte gleda gjennom alt, til tross for at dei fleste av dramastykka omhandla det støste og alvorlegaste problemet Zambia har, sjukdommen Aids/HIV.

Folket og naturen

Vi var òg så heldige å bli invitert til middag hos 2 zambiske familiar. Gjestfridomen og maten var her like god og rikeleg som den var gjennom heile veka, og det var fint for oss nordbuarar å sjå korleis vanlege Zambiske familiar budde. Ein ting fekk vi i alle fall erfare: Ordtaket ”Der det er hjarterom, er det husrom”, er ein regel dei etterlever til fulle! Om det ikkje var sitjeplassar til alle middagsgjestane gjorde ikkje det noko, alle fekk mat allikevel.

Vi fekk òg høve til å vitje ein av verdas største fossefall, Victoria falls, og vi fekk i tillegg både safaritur og båttur på elva Zambesi. Fossane i Noreg vert små, og dyrelivet i norske skogar ganske så stusseleg i samanlikning!



Møte med skulen‚ Zambia01
Møte med skulen‚ Zambia
Møte med skulen‚ Zambia04


Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune