Design og handverk er eit yrkesfagleg utdanningsprogram med 2 år i skule og 2 år i lære, som den vanlege vegen fram til fullført utdanning. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2. Hos oss har vi frå hausten "skreddarsydd" eit slikt opplegg, da vi tilbyr valfrie programfag innan design og arkitektur på Vg3 påbygging.
I tillegg kan du få yrkeskompetanse etter 3 år i vidaregåande skule innanfor interiør og utstillingsdesign. Dette Vg3-tilbodet finst ikkje i vårt fylket, men Sogn og Fjordane har kjøpt plassar Vg3 i anna fylke.
Du som vel design og handverk bør ha kreative evner og du bør like å arbeide med hendene. Du bør og vere nøyaktig, ha estetisk sans og du bør både kunne arbeide sjølvstendig og i team.
Utdanningsprogrammet har stor fagleg breidde med rike tradisjonar – handverksmessig, materialmessig og kulturhistorisk, og det gjev arbeidsmoglegheiter i ei rekke design- og handverksyrke, t.d. innan design og profileringsbedrifter, interiørverksemder, industridesign, frisør, gullsmed, blomsterdekoratør m.m.
Inntakskrav
Norsk grunnskole eller tilsvarende.
Hos oss kan du gå vidare på
Vg2 interiør og utstillingsdesign