Pedagogisk plattform
Luster vidaregåande skule er oppteken av at opplæringa vår vert gjennomført etter felles visjon og plattform. Ved skulestart brukar vi mykje tid på å gjennomgå plattforma for at alle skal få ei felles forståing av ho. Kvart arbeidslag (elevgruppe og lærarar) lagar så sine mål og reglar ut frå plattforma.

Grip framtida logoLuster vidaregåande skule er ein framtidsretta skule med forankring i lang historie og tradisjon. Vår pedagogikk byggjer på at læring er ein aktiv prosess som krev arbeid og innsats hos den einskilde elev.

Gjennom aktiv bruk av moderne teknologi, entreprenørskap, samarbeid med lokalt næringsliv og internasjonalt samarbeid, vil vi ruste eleven best mogleg for framtida.

Pedagogisk plattform

Eleven ved Luster vidaregåande skule:

  • er eit aktivt, sjølvstendig og kunnskapssøkande individ
  • syner respekt for alle i skulesamfunnet og medverkar til å skape trivsel og tryggleik
  • tek ansvar for eiga læring og medverkar til eit godt læringsmiljø for seg sjølv og andre
  • er i stand til å ta eigne val og tek aktivt del i elevdemokratiske prosessar på skulen
  • er bevisst sin eigenverdi, sine evner, anlegg og ferdigheiter

Dette gjer at læraren ved Luster vidaregåande skule:

  • er kunnskapsformidlar, rettleiar, ein tydeleg leiar og eit godt førebilete for elevane i klassen
  • samarbeider med eleven om opplæringa
  • evnar å byggje opp positivt sjølvbilete og skape gode holdningar hos eleven
  • har evne til å skape trivsel og tryggleik for den einskilde og god samhandling i elevgruppa
  • evnar å utvikle eleven sine sterke sider og særeigenheiter, og tek omsyn til at elevane har ulike måtar å lære på
  • evnar å møte eleven på hans/hennar ståstad, og tilpassar opplæringa slik at eleven opplever utfordring og meistring
  • samarbeider nært med andre i skulesamfunnet og heimen om opplæringa til eleven
  • ser eleven i eit heilskapsperspektiv




Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune