Ungdomsbedrifter

Luster vidaregåande skule har dei seinare åra satsa aktivt og medvite på å nytte ungdomsbedrifter som ein del av opplæringa. Elevane etablerer eiga verksemd som går over eit skuleår, og dei driv bedrifta som ei ordinær bedrift. Dette medfører alt frå forretningsidé, søking på stillingar, marknadsføring, produksjon av varer og tenester og føring av rekneskap, til å kunne avvikle bedrifta.

Skulen driv ungdomsbedrifter (UB) med bakgrunn i REAL – pedagogikken. Vi meinar at ved å bruke denne pedagogikken vil elevane lettare sjå den tverrfaglege samanhengen, slik at elevane ser dei har bruk for det. Vidare vil dei lære inn fagstoffet på ein naturleg og interessant måte. Motivasjonsfaktoren kan vera at dei kan tena penger, samt at elevane får prøve seg i ulike realistiske arbeidssituasjonar.





Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune