I veke 8, 19. - 25. feb. hadde skulen besøk av tre lærarar frå Latvia. Dei var her i samband med eit Leonardo da Vinci-prosjekt, "New Tendencies of Catering and Hotel Business and New Demands of Professional Qualifications". Luster vgs. var vertskap og hadde laga eit program som omfatta besøk både i underviningslokale og hotell, i tillegg til samtalar og møte. Vi fekk m.a. besøke Alexandra hotell i Loen, Bestebakken på Hafslo, Sogndal hotell inkludert Fosshaugane Campus. Alle stader vart vi tekne godt i mot!
Lærarane kjem frå Daugavpils Commercial and Catering School heilt sør-aust i Latvia, og vår skule fekk kontakt med dei gjennom vår partnerskule i Litauen. Vi håpar å utvikle dette samarbeidet vidare, m.a. planlegg dei eit nytt besøk hos oss til sommaren, da vil òg rektoren ved skulen vere med.
Her i full sving på kjøkenet saman med VK1 kokkfagelevar
Møte med rektor Bergljot Buskaker