Hos oss kan du fortsetje på Vg2 interiør og utstillingsdesign etter fullført Vg1. Dette tilbodet innehalder òg faget matematikk påbygging (5t/v). Du vil da vere ferdig med dette faget på Vg2, slik at du vil få tilbod om to valfrie programfag innan design/formgjeving om du vel vårt Vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2.
Etter fullført Vg2 kan du òg velje Vg3 interiør som gjev yrkeskompetanse som interiørkonsulent, eller du kan velje Vg3 utstillingsdesign som gjev yrkeskompetanse som utstillingsdesignar. Desse tilboda kjøper Sogn og Fjordane plassar på i andre fylke.
Du kan òg gå ut i lære i profileringsdesignfaget.
Interiør og utstillingsdesign