Ynskjer du å jobbe som kokk eller servitør i hotell eller restaurant, eller som kokk på eit institusjonskjøken, er dette linja for deg.
Opplæringa er både praktisk og teoretisk, der den praktiske opplæringa hovudsakeleg føregår på skulen sitt kjøken eller "restaurant". Elevane får også noko av opplæringa utplassert i hotell, restaurant eller institusjonskjøken, eller i form av Ungdomsbedrift i regi av skulen.
Etter avslutta Vg2 kan du velje om du vil gå ut som servitørlærling, kokkelærling i hotell-/restaurantkjøken eller institusjonskjøken, og ta fagbrev. Du kan også søke deg inn på allmennfagleg påbygning for å få generell studiekompetanse etter fullført Vg2 eller fagbrev.
Kokk- og servitørfag
Inntakskrav
Vg1 restaurant- og matfag eller tilsvarande.
Fellesfag
56 Engelsk
56 Kroppsøving
56 Norsk
84 Samfunnsfag
Felles programfag
140 Kosthald, ernæring og helse
197 Råvarer og produksjon
140 Servering, bransje og miljø
Prosjekt til fordjuping
253 Prosjekt til fordjuping
eller matematikk påbygging (140) og prosjekt til fordjuping (113)