Velkommen til utdannings- og yrkesrådgjevinga ved Luster Vidaregåande skule
Som skulen sin utdannings- og yrkesrådgjevar kan eg hjelpe deg og rettleia deg på vegen mot utdanning og val av yrke. Gjera deg i stand til at du sjølv kan ta gode var for framtidige utdanning og yrke. Som skulens sosialpedagogiske rådgjevar kan hjelpe deg om du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa di - men tek og karriererettleiing. Du er i alle tilfelle velkommen innom kontoret mitt i RM gangen

 

 
Ledige jobbar i Sogndal
 
 
Ledige jobbar i Luster
 
 
Bedrifter i Leikanger
Ledig jobbar i Leikanger
 
 
Ledige jobbar i Lærdal
 
 
Ledige jobbar i Aurland
vilbli.no - vgs
 
 
Utdanningstilbod i Sogn og Fjordane      PedLex
 
 
 

Lærling

 
 
 

 

Til lukka med tilbod om skuleplass på Luster Vidaregåande skule. Ved skulestart har vi gleda av å kunne ta imot deg og presentera deg for elevar som du skal gå i klasse samen med.
Første skuledag møter alle elevar til avtalt tidpunkt på skulen. Det er viktig at du møter til oppsett tid, og svarar på opprop, slik at du ikkje misser skuleplassen din. Dersom du ikkje har høve til å møte vil vi at du tek kontakt med skulen snarast råd.
 
Skulekvardagen:
På Luster vgs har vi 14 dagars planar. I partalsveker (t.d. veke 2,4 osb) har elevane avspasering kvar fredag. Skulekvardagen er frå kl- 0830 – 15.30
Informasjon i Fronter og på nett:
Ved skulestart vil du få brukarnamn og passord til datanettverk og Fronter, der du vil finne fagplanar, timeplanar og meldingar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Fronter. Fronter si innlogging finn du via Luster Vidaregåande Skule si heimeside, www.luster.vgs.no Vi vil anbefale deg å sette denne som startside i nettlesaren din.
 
Rådgjevingstenesta:
Rådgjevarane på skulen er der for å hjelpe deg både til å gjere gode val med tanke på val av yrke og utdanning. Han er der også dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa.

Skule-PC:
Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke at alle elevar som startar på Vg1 hausten 2011 skal nytte berbar datamaskin i opplæringa. Vi vil anbefale at du let Luster vgs kjøpe inn PC – IT ansvarleg vil då installere alle nødvendige programvarer slik at du er klar til skulestart. Du betaler då ein eigenandel på 890 kr per år i tre år (som er like mykje du vil få i utstyrsstipend) – men eig då maskina når du er ferdig. Du kan også velje å skaffe deg PC sjølv.

 Skuleskyss:

Ta kontakt med ekspedisjonen på skulen for å få skysskort. Meir om skuleskyss finn du på www.sfj.no

Lån og Stipend
Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke. Hugs at alle som søkjer får utstyrsstipend!
 
Hospiterng – utdanningval for 9. og 10 klasse
Skulen tek imot elevar til hospitering som ein del av grunnskulen sitt fag "programfag til val". Elevane får prøve ut to ulike programområde, eit om våren i 9. kl. og eit om hausten i 10. kl. Hospiteringa går over to dagar.
 
Høgare utdanning
Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje høgare utdanning, får informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval. Skulen samarbeider med Høgskulen i Sogn og fjordane om studieorienteringsdag på høgskulen.. All høgare offentleg utdanning har felles opptak gjennom Samordna opptak.

 

For meir informasjon om høgare utdanning i inn -og utland, sjå Studieguiden.  

Tilrettelegging for elevar med særskilde behov
Rådgjevarane har i samarbeid med kontaktlærarane ansvar for å følgje opp elevar som har behov for særskild tilrettelegging.
 
 
Rettleiing for elevar med sosiale eller personlege problem
Rådgjevarane har kontakt med enkeltelevar samarbeider med Spes.ped-koordinator ved skulen, PPT (klikk her for og for meir informasjon om PPT).

 

Rådgjevarane har teieplikt

Ynskjer deg velkommen til eit skuleår – med god læring – mange gode opplevngar som gjev deg inspirasjon til vidare utdanning.

 

Velkommen til oss!

 Anne May

 

 

 Rådgjevar Anne May Skarpen

Tlf 57682320

 

 





Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune