Vaksne som bur i Luster kommune og ønskjer vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne eller realkompetansevurdering, skal ta kontakt med Luster vidaregåande skule. Her kan du få råd og rettleiing om kva rettar du har.
Det er kontinuerleg søknad og inntak, og oppstart av kurs vert bestemt når eit visst tal søknader er registrert og realkompetansevurdering er gjennomført.
Du skal søkje elektronisk via www.vigo.no
Du kan kontakte Mari Anne Sundal, direkte telefon 57682313 eller e-post
mari.anne.sundal@sfj.no om du treng hjelp til søknad eller meir informasjon og rettleiing.
Meir informasjon om vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne i vårt fylke, finn du her.
Du vil òg finne generell og nyttig informasjon om vaksenopplæring på www.vox.no