Prosjekt lokalt mangfald i læring og næring
I haust har skulen starta eit treårig prosjekt kalla ”Lokalt mangfald i læring og næring”. Samarbeid med småskalaverksemder og opplevingsnæringa er kjernen i prosjektet. Dette er ein del av den regionale satsinga som skal vidareutvikle skulen til eit kompetansesenter for småskalaverksemder og opplevingsnæringa i region. Denne næringa står for verdiskaping som elevane, lokalsamfunna si framtid, må få kunnskap om.

Ved å skape arbeidsplassar og nytte lokale ressursar har småskala- og opplevingsnæringa utvikla produkt som i stor grad er særeigne for vår region. Dette vil sikre at opplevingsnæringane og småskalaverksemdene i Indre Sogn får tilgang på stabil og kompetent arbeidskraft gjennom å skape ein breiare plattform for å utdanne og rekruttere framtidige fagarbeidarar som har god relevant kunnskap som næringa treng . I prosjektet vil skulen, i samarbeid med næringa, utvikle kurs og kompetansetilbod som næringa etterspør.

Ei vidareutvikling av dei lokale læreplanane skal gi elevane kunnskap om verksemder i region og mangfaldet av produkt som vert laga. Elevane skal kunne sjå at her er framtidsmogelegheiter for arbeid i næringa og mogelegheiter for å skape eiga verksemd.

Prosjektleiar Gry Tokvam har vore tilsett ved Luster vidaregåande skule i ei årrekkje. Ho har Mastergradsutdanning innan kosthald og ernæring, vidareutdanning innan tradisjonsmat. Gry har etablert eit stort nettverk i regionen på dette feltet.

Har du spørsmål eller ynskjer å bidra i prosjektet kan du ta kontakt med Gry på tlf: 57 68 23 41 eller på mail gry.tokvam@sfj.no

Gry Tokvam 

Læring og næring 





Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune