Arbeid innanfor entreprenørskap vert eit stadig viktigare satsingsområde innanfor skulen. Vi ser det som viktig å ha eit nært samarbeid med det lokale næringslivet, samtidig som vi vil vere ein bidragsytar i regionalt utviklingsarbeid.
Dei områda vi har satsa mest på i entreprenørskapsarbeidet til no, er å utvikle partnarskapsavtalar med bedrifter i nærmiljøet, i tillegg til i stadig større grad å nytte arbeid med Ungdomsbedrifter som ein del av opplæringa. På denne måten håpar vi å skape grobotn for entreprenørskapstanken hos elevane, og kanskje gjere det enklare for elevane sjølve å skape framtidige arbeidsplassar i fylket!