Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Etter Vg 2 yrkesfagleg utdanningsprogram, eller fagbrev, kan du velje Vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Dette er den kompetansen som vert krevd for å byrje på dei fleste høgskule- og universitetsstudiar.

Du oppnår generell studiekompetanse innanfor alle våre utdanningsprogram ved å fullføre Vg1 og Vg2 , og så velje Vg3 påbygging. Vi gjev deg òg moglegheit til å velje faget matematikk påbygging som ein del av faget prosjekt til fordjuping på Vg2, slik at du får "rom" for eit valfritt programfag ekstra på Vg3 påbygging. Vi tilbyr valfrie programfag som er "skreddarsydd" for våre utdanningsprogram.

 Vi tilbyr desse valfrie programfaga på Vg3 påbygging generell studiekompetanse:

Fag/timefordeling Vg3 påbygging

Ein del studiar på høgskule/universitet (t.d. lege, sivilingeniør) krev spesiell studiekompetanse. Da krevst det fordjupning i spesifikke fag frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, som ikkje inngår i generell studiekompetanse. Undersøk om det studiet du ynskjer, har slike krav før du vel kva retning du vil søkje!


   





Tilbake
Copyright © Luster VGS

Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune
Framside  Fronter  SkuleArena  Kontakt oss 
Til Sogn og Fjordane fylkeskommune